Fotballtur

Publisert av:
22/3/2011 21:21

Nils Eivind og eg har som målsetjing når me reiser på tur til England å alltid få med oss ein heimekamp med favorittlaget vårt Stoke City og eitt nytt stadion på groundhopper-lista vår.

Me reiser nesten alltid med fly til Manchester og bur i Stoke. Stoke ligg veldig sentralt til om ein vil reisa rundt til andre byar for å sjå kampar.

Kampprogrammet vårt på turen vår sist veke:
Tor Manchester City – Dynamo Kiev 1-0
Fre Chesterfield – Rotherham 5-0
Lør Stoke City – Newcastle 4-0

Med dette har me sett over 40 kampar live i England og besøkt 23 ulike stadion.

Avslutninga på turen med storsiger til Stoke kan berre oppsummerast som magisk. Når ein holde med eit lag som Stoke, som aldri vinn noko, så er det desse øyeblikka som me opplevde sist helg, ein leve lenge på som Stoke-supportar.