Fosterteljing
21/1/2014 07:20
På søndag og i heile går var Noel Herbert rundt om på Tysnes for å gjennomføre fosterteljing på sau.
Noel Herbert kjem opphavleg frå New Zealand. Etter 30 år med tilhald på Gol er han godt vant med dei norske vintrane og dei norske sauebesetningane som er vesentleg mindre enn kva ein finn der.
Dei to dagane Noel var på Tysnes har han vore innom 13 sauebesetningar for å telja foster. Sauebøndene har stor nytte av teljinga.
Når ein allereie no veit kor mange lam sauen skal ha til våren, kan ein tilpasse fôringa betre. Det er og lettare og planleggje og gjennomføre vellukka adopsjonar av lam frå ein sau som har mange til ein som berre ventar 1 lam når ein veit dette på førehand.
I dag skulle Noel Herbert vidare til Bømlo for å telja foster i sauebesetningane der.