Publisert av:
14/5/2013 18:53
Førebuingar 17.mai
I fleire veker har dei øvd i skulekoret på songane dei skal syngja på 17.maifesten i Tysneshallen, og denne veka har dei jobba på spreng med å farga flotte flagg. Desse har dei hengt opp i vindaugo i klasserommet, slik at dei pyntar opp både for forbipasserande og dei som er inne på skulen.
Elevane har lært om kvifor me feirar nasjonaldagen vår, og me har snakka om at ikkje alle er like heldige som oss som får bu i eit fritt land. No er nedteljinga til den store dagen nesten ferdig, og gjett om gjengen er klar for 17.maifeiring!
Me ynskjer alle ein flott nasjonaldag!