Foto: Jon Ivar Skjolde

Flott orienteringsløp

Publisert av: May Britt Meland
22/5/2019 08:20

Tysdag 21. mai arrangerte Onarheim Idrettslag sesongens fyrste O-løp. Løpet var 5. løp i Sunnhordlands- rankingen.

Oppslutninga var god med 35 deltaker i dei fire løypene. Av desse hadde 8 stk tilhørigheit til Tysnes. Resten var tilreisande frå Stord og Fitjar.

Foto: Jon Ivar Skjolde

 

Arrangørane hadde laga til 4 ulike løyper. Nybyrjar løpype på 1,8 km, kort-løype på 2,2 km, mellom løype på 2,8 km og lang løype på 3,8 km.

Jon Ivar Skjolde frå OIL fortel at dei var heldige med været, alle deltakarane var i mål før regnet kom.

Foto: Jon Ivar Skjolde