Flott oppleving saman med “Hjallis”
5/3/2011 11:32
Hjalmar «Hjallis» Andersen er ein av Norges mest meritterte idrettsutøvarar. På sitt beste var han ein suveren skeiseløper, og på sitt beste er han også ein fantastisk komiker og forteljar.
Dei mellom 15 – 20 personane som var møtt fram på Mandelhuset fekk høyra både skeisehistoriar og røvarhistoriar. Skeisekongen stod i 1 time og 45 minutt og fortalte og svara på dei mange spørsmåla tysnesingane hadde til legenda.
Og etterpå satte “Hjallis” seg ned blant publikum, slik at mange fekk snakka og helsa på han.
Neste laurdag fyller “Hjallis” faktisk 88 år. Han trenar kvar dag og held seg utruleg godt. Dermed kan han reisa landet rundt og halda show – blant anna på Tysnes!
Faktisk kan det henda at han kjem attende til Tysnes til sommaren, for han syntes Tysnes var ei fantastisk flott øy!