Publisert av: May Britt Meland
1/10/2024 12:46
Flott Måndagsrusling
I dag drog 14 deltakare “over fjedlet” og gjekk tur til Kjevikjo og Dagsturhytta ved Kyrkjevatnet i Uggdal.
Fint tilrettelagt turområde!
Neste måndag går me ein rundtur i Skjeleviksmarkjo . Parkering tvers for start tursti til Salsborgjo. Start frå parkering kl. 11.00, Onartun kl. 10.45 ved ynskje om felles transport.
Tekst og foto: Magnhild Møllerup Bang