Fleirtalet tek lett på friluftslivets år

Publisert av:
28/2/2015 09:55

Om det er ein alt for god sofa som er årsaka, eller om me til dagleg er så tett på naturen at ein ikkje bryr seg, kjem ikkje fram i undersøkinga.

Det er kome inn 1047 stemmer.

Heile 65%, som utgjer 681 stemmer, svara: Er det det? Eg er ikkje med!
På andre plass med 14% (147) kom alternativet sitte ved strandkanten og sjå på havet.
6 % (63)ser for seg at dei kjem til å gå minst 10 turar til Såto.
5 % (52) skal nyta utsikten frå Blåberhaugen.
3% (31) Har planar om å sova i telt i løpet av året.
Dei tre alternativa: Sykle rundt øya, innføre fast søndagstur med familien og sjå fleire naturprogram på TV, fekk kvar 2% (21) av stemmene.
1% (10) Skal ro Tysnes rundt.
Mindre enn 1%  skal gå meir på ski.

For tida er det ein stor debatt om det bør verta fritt fram for søndagsopne butikkar.
Er dette berre elendighet, eller har du handlelista klar?

Delta i avstemminga!