Filmanmelding
12/12/2012 14:47
Regi: Peter Jackson
Med. Martin Freeman, Ian McMellen, Richard Armitage, Cate Blanchett,
Hugo Weaving, Christopher Lee
Grendatun Kino onsdag kl 18 i 2D
Speletid: 2 timer 45 min
Terningkast: 5
Lever opp til hypen
Endelig er den komen. Filmen om den heimekjære Bilbo Baggins er stor
underhaldning, sjølv om fyste timen er litt keisam. Hobbiten byr og på
meir humor enn Ringenes Herre-filmane fordi filmen er basert på den
fyrste boka til
J.R.R Tolkien som var skriven som ei barnebok.
Heilt sidan Atter ein konge hadde premiere i 2003 har det vore
snakk om ein filmatisering av Hobbiten, som er ein slags «prequel»
til Ringenes Herre-trilogien. Peter Jackson & produsentene har i all
sin visdom avgjort at
fortellinga skal delast opp i tre lange filmar. Det ligg heilt sikkert
meir profitt i å gjere det slik,
men til gjengjeld får vi ein film som ikkje utelet særlig mykje frå
Tolkiens originale bok frå 1937.
Tvertimot har dei dratt ut spektakulære kampscenar og dessutan gitt oss eit
kjært gjensyn med karakterane frå LOTR-filmane, mellom anna den tidlause
og vakre Galadriel (Cate Blanchett) og dessutan Elrond (Hugo Weaving),
som begge tilhøyrer alvekongeslekta på Rivendel.
Martin Freeman fungerer godt i rollen som den heimekjære hobbiten
Bilbo Baggins, som legger ut på sitt liv store reise saman med ein
gjeng krigerske og drikkfeldige dverger. Ian McKellen har igjen teke
på seg den spisse Gandalv-hatten. Han er framleis perfekt i rollen, men
det kan kanskje virke ulogisk at han ser eldre ut no enn han gjer i
LOTR-filmene, ettersom handlinga i Hobbiten finn stad nokre tiår før
LOTR. Cate Blanchett ser og merkbart eldre i sin rolle som Geladriel,
ho ser ikkje like lenger so tidlaus ut som Tolkiens karakter skulle vera.
Ein av filmens høgdepunkt er Bilbo sin gåte-duell i ei berghule med
det sleipe krypet Gollum (stemmesatt av Andy Serkis). Scenen er like
intens og morosam som eg huskar frå Tolkiens bok. Eit lite minus er at
effektene ikkje alltid er like overtydande, ein stad kan ein tydelig
sjå at dei løpande ulvebeista er «limt» på i bakgrunnen.
Verd å merke seg er og at Hobbiten er verdas fyrste film med 48 bileter
i sekundet, kanskje er det noko skarpare kvalitet, men ærlig talt so
merka eg ikkje nevneverdig forskjell frå 24 bilder i sekundet. Ifølge
Peter Jackson vil dette verta ei trend, men eg er ikkje så sikker på
at dette vert ”det nye store”. Hobbiten bør uansett sjåast på kino! Fyrste
timen er litt stillestående, men fortvil ikkje; det vert nok av
spektakulær action i siste halvtime.
Ellers er det artig å merka seg at fleire av dei episke landskapa i
Hobbiten og Middle-Earth-landskapet kan minna litt om naturen på
Tysnes-fjella (medan dei altså er spela inn på New Zealand). Men
tanken om det kan uansett gje litt ekstra lokal uttelling ved å sjå
desse filmane. Og det gjer kanskje og auka interesse for å ta seg ein
tur i Tysnesfjella i romjula, så lenge ein held seg borte frå djupe
grotter kor ein aldri veit kva – eller kven – ein kan støte på…
Trykk på linken under for å høyre Gollum (aka Andy Serkis) si
spesielle helsing til Nils Vermund under eit småskummelt møte i Berlin: klikk her