Publisert av:
24/5/2011 20:13
Fiksa opp treningsrom
Det er i klubbhuset på Vassbakken at Lundegrend IL har vektene sine. Desse har dei hatt i fleire år og mange har trent i 2.etasjen i klubbhuset.
No er treningsrommet pussa opp og blitt innbydande og klar til mange fleire treningstimar for folk som vil pumpa vekter.
– Det er mange dugnadstimar som er lagt ned slik at me har fått ferdig eit flott vektrom i klubbhuset vårt. Ei spesiell takk til elevar og lærarar ved Tysnes skule, seier leiar i Lundegrend Idrettslag Ronny Hagen.