Publisert av:
8/3/2011 18:23
Fem til fotballskule
Ei jente og fire gutar vert av klubben sendt til fotballskulen som Hordaland Fotballkrets arrangerer. Dette er forlauparen for eventuelt spel for eit sone- og kretslag.
Dei fem frå Njardar er Ina Borlaug, Arild Flornes, Johannes Haugsgjerd, David Jordal og Kai Roald Bergesen. Dei skal til fotballskulen på Stord i veke 12-14.
Det vert fem treningssamlinger. Målet med kretsen sin fotballskule er å gje dei beste/ivrigaste pr i dag med potensiale ein stimulans til halda fram med fotballen. Dei vil få eit bilete og referanser på god utføring og forståing innafor nokre viktige ferdigheiter.