Fekk sølvtina
25/4/2014 12:00
Under eit høgtideleg arrangement på Lillestrøm 22. april vart sølvtinene overrekt av konsernsjefen og styreleiaren i TINE.
Elitemjølk er den høgaste kvalitetsmerkinga norske mjølkebønder kan få, og nær 5500 dagar med feilfri mjølk må til for å kunne motta den eksklusive tina i sølv.
Av dei 117 sølvtinene som vart delt ut gjekk 24 til Region Vest. Einaste sølvtine på geitmjølk i heile TINE vart tildelt Tor Lie frå Stranda.
– Mottakarane av Sølvtina har vist svært god drift og imponerande fagleg dyktigheit over lang tid. God kvalitet på mjølka vi får inn til meieria våre er avgjerande for kvaliteten på produkta, så her legg bøndene eit godt grunnlag for TINEs mange merkevarer, seier konsernsjef Hanne Refsholt.
Heile artikkelen kan du lesa på Tine.no sine sider.