Celin Røssland saman med mora Natasja fekk prøve kalligrafi på Årbakka Handelstad.

Fekk sjå kunstnarar i aksjon

Publisert av: May Britt Meland
17/7/2021 20:25

Dei som tok turen innom Årbakka Handelstad i dag, fekk sjå to talentfulle kunstnarar i aksjon. Kalligraf Bas Vlam synte fram kalligrafi og Irén Tvedt Asbjørnsdatter Færevaag synte fram pyrografi.

Bas Vlam er profesjonell kalligraf med mange års erfaring i både inn- og utland. Han held kurs, utstillingar og skulebesøk, og i dag var han på Årbakka!

Irén Tvedt Asbjørnsdatter Færevaag og Bas Vlam

 

Driftar på Årbakka Handelstad Rebekka Høgestøl fekk også prøve å skriva namnet sitt!

 

Irén Tvedt Asbjørnsdatter Færevaag skapar dei varkraste motiv med svipennen sin.

 

Foto: Rebekka Høgestøl