Fekk seg leiligheit

Publisert av:
17/8/2009 21:06

For nokre veker sidan kunne du lesa at dei sleit med å finna seg leiligheit.

Etter ein månads søking etter husvære har dei omsider fått seg ein plass å bu. I fyrstninga brukte dei mest finn.no i sin søking, men desse husværa gjekk svært fort. I dagens BA fortel dei at då dei byrja å leita i avisannonser så fann dei leiligheita dei no flyttar inn i.

Begge er fulltidsstudentar og begge satsar på å jobba ved sida av studiane då studielån ikkje er nok til å dekka alle utgifter. – Husleiga er på 7000. Då blir me nok nøydde til å ha ein deltidsjobb for å få ting til å gå rundt, seier Vilde til BA.