Fasteaksjonen 2017

Publisert av:
30/3/2017 17:49

Kirkens Nødhjelps fasteaksjon:

Reint vatn til alle!

Akkurat no er det tørke i fleire afrikanske land. Både Somalia, Sør-Sudan og landa rundt Tsjadsjøen er råka. Det er òg Jemen, på Den arabiske halvøya. I verda i dag er det over 660 millionar menneske som må drikka skite vatn kvar dag. Ureint drikkevatn kan få særs alvorlege følgjer.

For halvtanna år sidan bestemte verdssamfunnet seg for at alle skal ha tilgang på reint vatn innan 2030. Derfor har vi alle eit felles ansvar for at alle i verda skal få reint drikkevatn, og vi har 13 år på oss til å greia det.

Det er FNs berekraftsmål som seier at alle menneske skal ha reint vatn innan 2030. Det er temmeleg ambisiøst, men også Noreg har sagt ja til desse måla – og dermed har vi òg forplikta oss. Den norske regjeringa har likevel ikkje lagt nokon plan for korleis vi skal nå dette målet. I samband med Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp blir det no kravd handling frå regjeringa.

Kyrkja i Sunnhordland er stolte støttespelarar til Fasteaksjonen, og er med på kravet til våre folkevalde om å laga ein vasstett plan. I tillegg går konfirmantar og andre frivillige med bøsser for Fasteaksjonen som finn stad over heile landet frå 2. til 4. april. I år er er det 50. gongen at nordmenn får sjansen til å bidra til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda. Pengane går til å byggja brønnar og sikra fleire trygg tilgang til reint vatn.

Reint vatn har aldri vore mangelvare i Noreg, men når vi tenkjer oss om, veit vi at det ikkje er slik alle stader. Naturen kan vera barsk, med lange tørkeperiodar, og nokre stader fører klimaendringar til endringar i regntidene, ofte med dramatiske følgjer for jordbruk og fehald.

Å byggja brønnar kan vera ei av løysingane for at fleire skal få vatn, og vi har gjennom Kirkens Nødhjelps arbeid sett at mange landsbyar blomstrar når dei får ein ny brønn. Mange arbeidstimar blir sparde inn når vatnet er enklare å henta, og mange kan gå meir på jobb og skule fordi dei er friskare. Og ved å gi opplæring til lokale eldsjeler, kan brønnane fungera i mange, mange år framover.

Kyrkja i Sunnhordland vonar du vil ta varmt imot bøsseberarane i årets Fasteaksjon. Dei fleste stader kjem bøsseberarane på døra tysdag 4. april mellom kl. 17 og 19. Ditt bidrag kan bety ein skilnad for andre – og saman kjem vi nærare målet om reint vatn til alle innan 2030.