Fartsfylte båtar

Publisert av:
18/6/2011 12:36

Litt over klokka eitt i dag kom båtane som var med i årets Bergen Poker Run inn til Våge. Då hadde dei hatt stopp på Vedholmen ein god halvtime før.

Mange skuelystne tysnesingar var møtt fram til kaien i Våge for å beskua dei tolv fartsbåtane som kom frå Bergen. Det heile eit sosial arrangement for båtar med toppfart over 25 knop.

Enkelte båtar gjekk mykje fortare enn det og dei som ankom Våge Hamn først kom i bånn gass så sjøsprøyten stod. Heile løpet vart overvaka med helikopter som fulgte med frå luftta.

Då alle båtane var komt til kai var det klart for lunsj på Mandelhuset, medan tysnesingar fekk kikka på båtane på nært hold.