FANARI på Torget, Leirvik 5. – 7. desember
2/12/2013 08:43
PRESSEMELDING
Også denne gongen vert det mange spanande uttrykk og ulike retningar samla på ein felles arena! Publikum vil få eit unikt møte med kunsten og kunstnaren bak, og vil få høve til å delta på eit spanande program for både vaksne og born.
FANARI arbeider for å styrkja og synleggjera kreative / kulturbaserte næringar i Sunnhordland.
5. – 7. desember opnar me igjen dørene for eit breitt spekter av aktørar, og legg til rette for visning av noko av den store kreativiteten som er i Sunnhordland.
Fyller tomt lokale med kunst og kreativitet
FANARI rykker inn i eit lokale i sentrum som framleis står tomt, tidlegare Expert/Stomas ved Torget, og fyller det med kunst og kreativitet. Det vert tilrettelagt for at aktørane skal få høve til å vise fram og selje produkt, setje opp installasjonar, knyte kontaktar, møte publikum og få treffe kvarandre.
Fanari arbeider stadig med å finne ei god form for selskapet og er pr i dag under Atheno. Det er kome på plass eit nytt styre som er godt i gong med å jobbe fram og bygge opp eit solid Fanari. Det er i år 30 aktørar påmeldt , mange av dei som har vore med åra før kjem att, og så er det stas med fleire nye i år. Høg deltaking viser at det er behov for Fanari og at aktørane treng ein møteplass.
Deltakarar og program for helga – Goldlog og Kafè Fanari
FANARI bidreg med sine aktivitetar og program, til å skape liv i Leirvik sentrum ved å by på interessante og spanande deltakarar og eit program for både vaksne og born.
Det er i år påmeldt aktørar innan foto, dans, biletkunst, design, tekstil, litteratur, musikk, film, kunsthandverk og a andre kreative næringar. Nokre av deltakarane er forfattar Per Olav Kaldestad, Janne Nerheim med eigen designa barneklede – «Englatroll» og kunstnar Leif Hedman med bileter og skulpturar, .
Torsdag 5. desember er det offisiell opning kl 18 og ope til kl 20. Cecilie Anna Rønhovde og Vidar Vedå vil spele på opninga, og dansarane Magdalena From Delis og Nathanael Larson vil vise «Ein dansar sitt arbeid”
Fredag 6. desember vil publikum til ulike tider på dagen, kunne delta på kåseri/foredrag, opplesing ved forfattar
P. J. Ingebrigtsen og P. O. Kaldestad og A. Hansen framfører «Oktober» med opplesing og musikk.
Laurdag 7. desember er FANARI også retta mot born, og dei vil kunne delta på pilfletting, opplesing og lage julekort. «Goldlog» vil gi ein smakebit frå den nye plata si. På Fanari vert det også dans, høve til å sjå den nye Sunnhordlandsfilmen og nyte god bakst frå Peder Bakar og kaffi frå lokalt kaffibrenneri, Svart Fløyel, i Kafè Fanari.
For meir informasjon og oppdatert program – sjå www.fanari.no
Kontakt: Torill Berge Nøstvåg. Prosjektleiar FANARI 2013, Tlf 918 41 158