Engasjement rundt barnehagesaka
13/4/2010 06:52
Tysnes kommune har fatta vedtak om at Myklestad, Vågsmarka og Lunde barnehage skal slåast saman til ein barnehage på Gjerstad.
Då fylket sa nei til den opprinnelege tenkte 17 måls store tomten på Gjerstad, vart det framlagt ei skisse over å byggja om gymsalen i Tysnes skule til ny barnehage. Dette siste forslaget har satt sinne i kok hos tilsette og foreldre, og dermed vart det kalla inn til folkemøte.
På møtet i går var det mange som lurte på om vedtaket om byggjing av barnehage på Gjerstad kunne gjerast om. Det store spørsmålet var om politikarane har fatta eit vedtak om byggjing på den spesifikke jorda (som fylket har sagt nei til), eller om det gjaldt Gjerstad generelt. Dette var det ingen politikarar som gav eit klart svar på.
Men fire av dei politiske partia sa at dersom premissane var endra, så ville dei gå for å ta saka opp på nytt, og dermed vil ein også vurdera Reiso på nytt som ny stad for barnehagen. Då vil den bli i nærleiken av barneskulen på Uggdal skule.
Folkemøtet varte i over to timar. Fyrst var det innlegg frå initiativtakar Marit Kristin Hovdenes, pedagog Anne Merete Blichfeldt Dalland, ordførar Helge Hauge og lærar Jan Vaage. Deretter fekk publikum koma med spørsmål til politikarane frå dei ulike partia.