Publisert av: Vegard Aslaksen
3/10/2018 20:29
Eldredagen 2018
Det var god oppslutning om Eldredagen. 50 personar og eit ti-tals foredragshaldarar laga god stemning.
Programmet var sydd saman av sjefen for Eldrerådet i Tysnes: Freddy Jensen.
Det store trekkplasteret var nok kåseriet om tysnesingar og Yachtseglarane før krigen. Tysnesingane gjorde det skarpt i America`s cup, både som skipparar og mannskap.
Elles hadde ordføraren eit innlegg om det å bli gamal på Tysnes. Mat og matlyst er sterkt i vinden for tida og Kleppe fekk naturlegvis spørsmål om det.
Tekst og bilete; Per Verner Aase