Publisert av: Martha Nygård Lande
1/2/2022 11:30
Dugnadsarbeid på Årbakka
Tveit Bygdalag har hatt dugnad for å laga betre forhold rundt skeisevatnet.
Det er ved Tjødno (i daglegtale) på Årbakka ein har rydda og demt opp for å få flott skøyteis.
Det var Åge Mæland som tok initiativ til arbeidet, og mange syntes dette var ein god ide, og vart med på dugnadsarbeidet.
Det er blitt renska rundt tjødna, og demningen er ordna slik at ein kan heve vannstanden.
Så får ein berre håpe på minusgrader, slik at skeiseisen kan bli tatt i bruk.