Dressurstemne i Fusa

Publisert av:
6/6/2011 16:29

Martine var fyrst ut . Ho starta programmet LD 1 med ponnien, Lilla My. Martine fekk den imponerande prosenten 69,1 etter å ha gjennomført eit vakkert og nøyaktig program. Etter ein god start, var Martine og My igjen klar inne i ridehallen. No var dagen komen då Martine for fyrste gong skulle prøva seg i klassen LC 3, som både har fleire øvingar og større vanskegrad enn LD-klassen.

Det gjekk veldig bra for Martine denne helga! Ho reid igjen nøyaktig og hadde fin ballanse, kontroll og godt samspell med Lilla My gjennom heile programmet. Det vart belønna med 60.8 % av dommaren,Marie Hansen,  og ein flott 3. plass. Ho reid også same program med ponnien Little Leo. Leo var til tider litt ”sterk” , men alt gleid fint og sluttprosenten med Leo vart 57,6 og 6. pl. Ikkje verst til å vera debutant i LC J

Så var det Kristi sin tur. Ho har akkurat byrja å konkurrere på nivå LB. Kristi var fyrst ut med  Lilla My. Allereie under oppvarminga såg det ut til at Kristi og My var i stor-slag. Lille My og Kristi fekk til det aller meste av det dei hadde trent på, og det vart delt 3. plass med 57,917 %. Hilde Seilen frå Førde vann klassen med 63,3 %.

Kristi starta også same program med ponnien sin, Little Leo. Det meste av programmet gjekk fint, sjølv om Leo også med Kristi var litt tung og sterk i dag. Mot slutten av programmet, fekk Kristi brått det berømte ”jernteppet”. Ho bytta om på to øvingar, og fekk med dette  2 feilpoeng av dommaren.

Etter korrigering av ridevei, vart rytmen og flyten i programmet litt forstyrra. Kristi vart litt stressa, og gjorde ein program-feil til, men vart heldigvis ikkje eliminert. (Rir ein feil 3 gongar i same program, vert ein eliminert). Etter å ha rista av seg skuffelsen over å ha ridd feil to gongar i same program, var Kristi like blid og veldig glad for ein sluttprosent på 52,917 og ein kjærkommen 6.pl, til tross for 6 feilpoeng J.