Distriktsleir 2012

Publisert av:
26/6/2012 06:24

På lørdagen var ungane på valgte aktivitetar som scrapbooking, hest, kanopadling og fisking, skyting, klatring og volleyball.

Dei vaksne fekk seg ein tur rundt øya med stopp på Håheim, Onarheimsvatnet og Årbakka. Ellers kosa me oss med mykje godt i kiosken, volleyballturnering, leik og diskotek.

Bondekvinnelaget laga gryterett, suppa og frokost til oss, stor takk til dei for det.

Me vil òg takka foreldre og ande frivillige som hjalp oss med diverse aktiviteter. Og sist, men ikkje minst dei som sponsa oss med penger og div ting til premier.
 
Helsing medlemmer og klubbrådgjevarar i Uren Luren 4H.