Foto: Foredragshaldar Trond Haukedal

Dette må du få med deg

Publisert av: May Britt Meland
17/9/2019 09:50

Psykiatrisk sjukepleiar Synnøve Espelund og psykisk helsearbeider for barn og unge Betsy Nikolaisen tok turen innom Tysnesingen.no med ei gladsak.

Fredag 20. september får Tysnes besøk av Trond Haukedal på Verdensdagen for psykisk helsel. Den prisvinnande foredragshaldaren inviterer til gratis arrangement i Tysneshallen.

Espelund og Nikolaisen seier ein kan gle seg til det inspirerande og viktige foredraget “Gje deg sjølv tid” med Haukedal. -Dette er eit “inspirasjonsforedrag” der han snakkar om kvifor det er så viktig å ta oss sjølv på alvor, og korleis me kan utvikle og styrke vår psykiske helse.

Dei vonar mange nyttar høvet og tek turen til Tysneshallen fredag 20. september kl 18.00.

Ordførar Kåre Martin Kleppe vil leia kvelden, og ein kan i tillegg til eit fantastisk foredrag, lytta til nydeleg pianomusikk ved Andrè Eide.

 

Ungdomsskule elevane ved Tysnes skule vil tidlegare på dagen kunne glede seg over å få besøk av Trond Haukedal. Han vil halda foredraget “God nok” for dei.

Omtale av dette foredraget:
“Foredraget skal gi oss tilbake troen og håpet gjennom enkle og inspirerende tanker og perspektiver slik at ting faller på plass. Vi forstår at vi egentlig er gode nok men at det er tankene våre, prioriteringene våre og våre vaner som er litt i utakt med våre behov og verdier.”