Det er enno ikkje for seint

Publisert av:
27/3/2017 18:59

10-11.mai arrangerer Tysnes støtteforening ny busstur, denne gongen til Sand i Ryfylke.
Her vert det overnatting på Ryfylke fjordhotell. Det er framleis ledige plassar og høve til å melda seg på.

Dette vert ein variert men triveleg tur der utflytta tysnesing Svein Bjarne Aase er bussjåfør.

Undervegs vil også andre utflytta tysnesingar vera med i programmet.

Ernst Berge Drange er det mange som kjenner, spesielt etter det omfattande arbeidet han (og andre) la ned då bygde-bøkene våre, Tysnes-soga  kom ut. Han har seinare arbeid også med andre liknande prosjekt. I dag er han tilsett som fyrstekonservator ved Ryfylkemuseet. Han og kona Anne Elisebeth bur på Sand. Ho er forteljar og har mykje spanande å formidla. (sjå gjerne www.forteljarkokeriet.no)  Noko av dette vil ho også dela med oss.

Turen er også mellom anna innom IMS sin leirstad og misjonssenter Brandøy for lunsj.
Neste dag går turen vidare til Røldal og Odda før me for alvor tek på heimveg.

Mange har alt meldt seg på.
Velkommen du også å bli med på ein triveleg tur!

Påmelding og nærare info om turen:  
Harald Heie, tlf.90972465.

Påmeldingsfrist 7.april.