Data-nostalgi på biblioteket

Publisert av:
3/9/2010 11:00

For dei av oss som er bortimot veteranar på området er det ei nostalgisk reise frå dei aller første datamaskinene som kom i handelen på 1970-talet og fram til kronen på verket anno midten av 1990-åra: Win 3.11.

Særleg menn i alderen 35-55 år får mest tårer i augene – kven har ikkje ein gong vore den lukkelege eigar av ein Commodore 64? Samanlikna med dagens pc’ar var det ikkje mykje desse maskinene fekk til – det gjekk i tungvint og heller primitiv Basic programmering. Ein kassettspelar tok seg av innlasting av program, og eit svart-kvitt tv gjorde nytten som monitor. Og du verda så mykje fritid som rauk med!

Det er Olav Skjellevik som har stått for utstillinga, som omfattar eldre datamaskiner som velviljuge personar har stilt til disposisjon. Olav Skjellevik har også skrive ei oversikt over datamaskinen si historie frå 1600-talet (!) og fram til i dag, i tillegg til utførlege opplysningar om kvar einskild maskin som er stilt ut.

Og her er det masse rart! T.d. ein Sinclair ZX81, som var den første “heimedatamaskinen” som kom i handelen i 1976. I 1982 kom det ei vidareutvikling av maskinen, som også er stilt ut. Me finn også ein tidleg Commodore, ein Copam 286 og ikkje minst ein KONTIKI 100 frå 1984, som var ein norskprodusert maskin og den første eigentlege brukbare pc’en til skulebruk. I tillegg kan du sjå ei av dei første skrivemaskinene med tekstredigering og eldre printerar.

Utstillinga vert ståande ei tid framover.