Damekamp/J17 kamp

Publisert av:
19/9/2009 13:23

1.omg var utruleg dårleg kontring&angrepsmessig av oss. Her har jentene mykje å gå på!!!!

Forsvarsmessig var det veldig bra. Bremnes(også ett 7div.lag) fekk kun inn 8 mål i 1.omg, noko me er rimeleg fornøyd med. Men me klarte ikkje å score meir enn 7, så derfor 1-måls leiing til Bremnes v/pause, noko me var mindre fornøyd med. Og det var meir rot frå våre eigne spelarar enn at Bremnes hadde så fantastisk bra forsvar.

Etter kvilen, kom angrepsspelet seg betrakteleg. Ein fekk både fine kontringar og flotte innspel til strek, så denne omg fekk dei fleste stå-karakterJ

No har me ein liten mnd på å jobba vidare og retta på alle feila våre før årets fyrste kamp for sesongen, som vert borte mot Bjarg 17/10

Laget mot Bremnes: Celine, Christine, Maria Cecilie, Sara Elisabeth(2), Marion(5); Lene(3),Linn(5),Silje(1), Ingvild(2), Hege, Merethe, Ingse og Ida

 

Sist søndag(13/9) hadde J17 sin fyrste kamp for sesongen – borte mot Kjøkkelvik. Dette vart ein utruleg jevn og spennande kamp. Kjøkkelvik leda 12-10 til pause, men Tysnesjentene hadde på ingen måte gitt opp. Det var veldig høgt tempo i kampen, og då er det lett for å få personlege feil når kampen nærmar seg slutt. Konsentrasjonene vert svekka, og dette utnytta Kjøkkelvik. Det vart derfor eit kjedelig 3-målstap for Tysnes, som var ein periode likt med dei. (27-24)Laget: Guri, Sara Elisabeth, Marion, Celine, Eirin, Victoria, Hilde Anette, Ingunn, Birte og Janne

Søndag 20/9 kl.14,50 skal dei ha sin 2.kamp, og håpar dei får god støtte frå mangen ”supportera” på tribunen!