Publisert av:
18/4/2015 16:12
Dagens bilde
Kusymre (Primula vulgaris) Slektsnamnet Primula betyr «den fyrste om våren», og viser til at dette er ein vårblomstrande plante.
Planten veks i fuktig skyggefull skog og grasbakkar. Den trives og godt nær sjøen.
I følgje Wikipedia, er ikkje Kusymre giftig, ein kan ete både blomar og blad av kusymre. Planten har vore nytta som medisinsk urteplante. Den skal visstnok verke slimløysande, krampeløysande, svakt smertestillande og ha beroligande effekt. Urten har og vore nytta som ormemiddel og brekkmiddel. Ein skal vere obs på at den kan gje allergiske reaksjonar. Planten har og fleire andre lokale namn.