Cupstart

Publisert av:
1/7/2011 18:50

Med stor interesse og 66 påmeldte lag lyt Njardar/Tysnes ta i bruk to banar i dei innleiande kampane for å klara avvikla cupen.

Totalt 142 kampar skal spelast over tre dagar, der søndag blir dagen for sluttspelkampane.

På Vassbakken i ettermiddag var det mykje folk, både av spelarar og tilskodarar, og som vanleg når domarane bles i gong kampane så kom litt av alvoret og. Men det var fin stemning på dei fyrste kampane og spennande og jamnt i fleire av dei.

Laurdag går alle kampane på Reiso frå klokka 0900 – 1930.