Busstur til Ryfylke 10.-11. mai
21/1/2017 10:21
I mai vert det ny tur. Denne gongen går turen sørover til Sand i Ryfylke og med overnatting der.
Bussjåfør vert som vanleg på desse turane utflytta Tysnesing Svein Bjarne Aase. Han er ein sjåfør med ein lun veremåte, og bind turane saman på ein flott måte.
Denne gongen vert det to dagar på tur. Fyrste dagen vert det m.a stopp og lunsj på Brandøy. Seinare vert det stopp på eit gardsmuseum på Ropeid.
Andre dagen vert det besøk i Røldal stavkyrkje, og seinare litt tid til shopping i Odda etter middagen.
Det er PLUSSREISER ( tidlegare SI-REISER) som er teknisk arrangør av turen.
Overnatting vert på Ryfylke fjordhotell i Sand. Her vert det middag og deretter hyggesamvær om kvelden.
Eit ektepar som har sin heimstad her, men som på ulikt vis har tette band til Tysnes og Tysnes-samfunnet vert med i programmet denne kvelden:
Ernst Berge Drange ((bilete) kjenner mange som forfattar, lokalhistorikar og bygdebokskrivar, ikkje minst av Tysnes-soga. Han er no tilsett som førstekonservator ved Ryfylkemuseet.
Anne Elisebeth Skogen (bilete) har tidlegare vore lærar på Tysnes. Ho driv i dag «Forteljarkokeriet» (sjå www.forteljarkokeriet.no) med «Forteljingar du seint vil gløyma».
Me gler oss til å møta og høyra dei begge. Og me gler oss til å reisa på tur att.
Lyst å bli med? Turen er open for alle som vil.
Kontakt gjerne underteikna for brosjyre.
Påmeldingsfrist 7.april.
Harald Heie tlf.90972465