Buppha kafé

Publisert av:
9/5/2017 18:40

I går, 8. mai, opna Buppha Prasert dørene i den nye kaféen sin. Kaféen held til i kulturstova i Lunde, rett ved sida av Bunnpris butikken.

Ho lagar deilig thaimat, både vårrullar, pad- thai, tomyamkong (reker), kylling cashewnøtter og mykje meir.
I tillegg lagar ho også litt norsk mat. 

Ein kan sjølv velge om ein vil ete på kaféen, eller om ein ynskjer å ta med seg maten heim.

Buppha fortel at ho vil halde ope frå kl 12 kvar dag, og kafeen vil være like lenge open som butikken.

Opningstidene er
man-fre kl 12-20 og
lør kl 12-18.

Buppha vonar mange tek turen innom, og ynskjer alle velkomen til ei smaksrik oppleving!

 

Buppha i sving ved grytene

Velkommen inn!