Publisert av:
1/7/2010 08:39
Bunnpris opna
Etter ein intens månad med jobbing var det i dag klart for opning av ny butikk i Lunde.
Ica Nær stengde 31.mai og no er det Bunnpris som vert matvarebutikk i Lunde Senter. Det har vore ein hektisk månad for alle leverandørar som har vore involverte i ombyggjinga, men dei holdt avtalen med å klara ny butikk til 1.juli. Til opninga klokka ni i dag var mange møtt fram nyfikne på den nye butikken.
Opningstidene til Bunnpris vert:
Måndag – fredag kl 09 – 20
Laurdag kl 09 – 18
Søndag kl 11 – 18