Brot på fibersamband i Uggdal

Publisert av:
13/1/2015 14:06
Omlag 50 fiberkundar er utan samband etter sprengingsuhell ved veganlegget i Uggdal. Uhellet skjedde kl 12:40 tysdag.
Det er usikkert kor lang tid det vil ta å retta denne feilen, sidan det framleis er mange brot på fiberkablar etter uvêret i helga. Diverre vil i alle fall onsdagen gå før kundane i Uggdal igjen har breiband.
 
Utanom dei i Uggdal er det no rundt 25 breibandskundar som er utan fibersamband etter stormen, i tillegg til ca 60 som enno ikkje har fått straum til husa.
Tysnes Kraftlag, som eig fibernettet, har hatt alle montørar i arbeid frå søndag morgon, og hovudprioritet no er å gi alle kundar straumen attende.
 
Tysnes Breiband vil oppdatera driftsmelding på www.tysnes-breiband.no når vi veit meir om kor lang tid det vil ta å rette feilen i Uggdal.
 
 
Ingrid H Haaland
—————————-
Breibandsleiar
Tysnes Breiband as
 
tlf 53 43 00 78 kl 8-20 (10-14)