Bowlingsesongen 24/25

Publisert av: Martha Nygård Lande
13/8/2024 18:01

Det er stor interesse for bowlingturneringa 24/25!

Før me går ut og inviterer nye lag til bowlingturneringa komande sesong, har 17 lag meldt seg på.

Det er vanskeleg tidsmessig å ha meir enn 8 lag i kvar avdeling.
Difor prøver me å få til endå ein divisjon med 4 lag som speler to gonger mot kvarandre i haust og to gonger til våren, i alt 12 kampar.

Me treng altså tre lag i tillegg for å få det til. Kampane vil i tilfelle gå annankvar torsdag med oppstart midt i september. Tre spelarar utgjer laget, og ein speler tre seriar i kvar kamp (eventuelt to dersom laga ønskjer det).

Prisen er kr 300,- pr lag pr kamp (200 ved to seriar).

Kven kan delta?
Kven som helst! Det kan vera bedrift(er), lag eller berre tre personar som vil ha det sosialt. Dei fleste laga som deltek i dag, er bedrifter som ønskjer ein sosial aktivitet utanom arbeidstid.

Dei nye laga som er påmeldte i år, er:

Tysnes omsorgssenter
Lerøy Ocean Harvest
Tysnes skule
Herde Kompositt 3

Ta kontakt med Helge Hauge, 996 40 123 eller Helge.hauge@haugnett.no dersom du har spørsmål, eller ønskjer fleire opplysningar.

Påmelding til Helge Hauge innan 25. august!

Hiv dåke rundt og bli med!
Tysnes Bowlingklubb