Publisert av:
29/1/2009 09:47
Bowling 1.divisjon
Rex Star Seafood spelte ein solid og god kamp mot Tiko og vann 3 – 0. Her spelte Alf Inge Kleppe ein god serie med heile 193 i pinnefall.
Nils Eivind Hansen måtte stilla som reserve på Tysnes kommune rådhuset 1. Dette gjorde han særs godt med eit pinnefall på 180. Det hjalp likevel ikkje i kampen mot Andersland Bygg 2 som vann kampen 3 – 0. Atle fekk pinnefalla 197 og 181 i denne kampen. Når då både Kristin og Stein Olav spelar godt, er det ikkje godt å vinna mot dei.
Både Andersland Bygg 1 og Sjukeheimen vann sine kampar 3 – 0 i denne runden.