Bowling 1.divisjon

Publisert av:
12/12/2008 21:15

Etter at alle laga har spelt 8 kampar leiar Andersland 2 knepent foran Andersland 1. Andersland 2 spelte ein spanande kamp på onsdag mot Windsor. I fyrste serie sleit Andersland 2 med Atle, Kristin og Stein Olav seg så vidt foran Windsor med Ove, Svein og Øystein. I andre serie satte Atle “skapet på plass” med eit pinnefall på 226. Når så dei to andre på laget spelar godt og jamnt, hadde ikkje Windsor ein sjanse. Dermed går andre laget til Andersland Bygg så vidt foran Andersland Bygg 1 med eit poeng.
På Andersland Bygg 1 spelar Yngve Kjøndal, Jens Flornes og Bjørn Inge Leite jamnt og godt heile tida.
På dei to neste plassane, etter halvspelt serie, ligg Rex Star Seafood og Tysnes Kommune Rådhuset 1. Astrid Heldal, Helge Hauge og Steinar Dalland på kommunelaget og rekstringane Ole Chr. Kjærgård, Nils Stikkholmen og Alf Inge Kleppe må finna seg i å stilla bak i køen.

Av andre gode resultat kan nemnast Bjørn Tore Malkenes på Tysnes Fjordbruk med pinnefallet 196 og Stein Olav Skaten med 189.