Bluesband på Mandelhuset

Publisert av:
22/4/2009 13:04

Laurdag 25 april blir det fin blues-stemning på mandelen, med bandet Cheap Thrills frå Øystese satsar me på fulle hus og god stemning!

Sitat frå Cheap thrills:

“I mangelen av eit ekta bluesband i bygdane, tok Andre’ Banay og samla ein del meir eller mindre oppegåande musikarar te ei “øving”. Dette ga meirsmak og me booka oss inn på vår fysrte jobb på Øvreviken Pub i Øystese med eit heller tynt repetoir (hadde vel 12 låta tenke eg…)

 

Dette vart godt motteke og me tok nokre øvingar til og har pr dags dato gjort mange jobbar her i området med godt besøk på jobbane våre. ;)”

 

 

Hugs Mandelhuset har  kjøkkenet ope, så ta turen innom tidligare å få deg litt mat i skrotten, her har me alt i frå humburger til pepparbiff!

 

Dei byrje å spela ca kl 22:00

100 kr i inngong.

18 år!