Publisert av: May Britt Meland
25/7/2022 21:49
Bli med på Pilgrimsvandring 2022
Den 7. Pilgrimsvandringa vert arrangert søndag 31. juli med frammøte ved Tysnes kyrkje kl.11.15 og endar opp i Seløystova 17.30.
Diplom+litt mat og drikke der. Kveldsmesse kl 19.
Lurt å ha nok mat og drikkke+kle seg etter veret. Me har hatt alt frå 30 varmegrader til hagl og ausande regn. Då er det ekstra kjekt når sola kjem fram og Kvinnheradsfjella blinkar i det fjerne.
Innom 4 kulturminnetavler, eit skulemuseum og ei “gildestove”.
Tenk at konfirmantane på slutten av 1800-talet gjekk motsatt veg, truleg i tresko.
Biletglimt frå tidlegare pilgrimsvandring:
Tekst og foto: Tore Økland