Publisert av:
31/10/2009 12:26
Bildehuset opna
“Bildehuset” ligg i lokala til det gamle postkontoret til 5690 Lundegrend.
Det er Bronwyn Bakke frå Johannesburg i Sør-Afrika som står bak “Bildehuset”. Ho er ein erfaren fotograf som tidlegare mellom anna har jobba som fotograf på cruiseskip i Karibia.
Bakke har alt fått eit godt ord på seg som fotograf også på Tysnes, noko som viste att under opninga i dag. Her var skuelystne og interesserte tysnesingar frå heile øya møtt fram, og Bakke var i full gong med bestillingar då Tysnesingen kikka innom.
Dersom du er interessert i Bronwyn Bakke sine tenester, kan du kontakta ho i “Bildehuset” på telefon 90643307 eller 53431249. E-post: bildehuset@me.com.