Publisert av: May Britt Meland
17/8/2023 08:46
Bergenspensjonistar på Tysnestur
Dei kallar seg “Småturgruppen” dei 15 blide pensjonistane som onsdag 16. august hadde Dagsturhytta i Uggdal som mål.
Veret var bra, så medbrakt niste kunne nytast utandørs. På programmet stod også ein tur innom Uggdal kyrkje, og dei avslutta med velsmakande lunsj på Mandelhuset.
Det var hyggjeleg å vera guide for dei, særlig når dei var så nøgde med turen.
Tekst og foto: Kirsten Nesse