Båtlaget Njord/Tysnes inviterer til Padledag
10/5/2016 05:20
Arrangementet er gratis for medlemmer. Er du ikkje medlem kan du delta ved å melda deg inn i laget.
Innmelding kan du gjera ved frammøte.
På padledagen vil du få basisopplæring i tryggleik og padleteknikk. Det vil bli noko instruksjon på land men mesteparten føregår på sjø.
På slutten av økta tek me oss ein litt lengre padletur. Båtlaget stiller med instruktørar og sikringsbåt.
Tid: Søndag 22. mai kl 1600 – 1900
Stad: “Njordstø” i Vee – Våge
Alder: Frå 15 år
Pris: Gratis for medlemmer – kontingent kostar 300,- (150 for dei under 18 år)
Deltakarar: Me har kajakkar til 8 personar men dersom du kan ta med eigen kajakk vil det sjølvsagt vera plass til fleire. Fint om du kan oppgi dette ved påmelding.
Hugs å ta med:
– Godkjent flytevest
– Drikkeflaske
– Byteklede – kle deg etter værtilhøva
– Våtdrakt dersom du har.
Påmelding på mail til; vaslaksen@hotmail.com eller send oss PM på www.facebook.com/njordtysnes
Me vil gå gjennom følgjande tema:
– Utstyr og kajakktypar
– Egenredning
– Padleteknikk
– Vedlikehald
For dei som ynskjer å delta i kajakkordninga – som er eit gratis utlånstilbod for våre medlemmer – vil det bli litt info rundt dette og.
Vel møtt til ein kjekk dag på fjorden.