Gabriel Fliflet med vener i Tysnes Omsorgssenter. Foto: Per Verner Aase

Basarinntekter gir flotte musikkopplevingar

Publisert av: May Britt Meland
26/1/2023 20:39

Nesten kvar veke er det konsert i Storstova på Tysnes Omsorgssenter, til stor glede for bebuarar og pårørande.  Desse konsertane vert finansiert gjennom gåver og basaren som Frivilligsentralen arrangerer.
I år er basaren sett til 15. februar, og det er kome inn mange flotte premiar.

Den siste konserten var med Gabriel Fliflet med venene Kevin Henderson og Richard Burgess. Dei er no på turne med Nordsjømusikk, og held konsertar på Vest- og Austlandet.
Fliflet beskriv venene og musikken på Facebook sida si: “Kevin Henderson fra Shetland er en av Storbritannias beste felespillere og turnerer verden rundt. Engelske Richard Burgess spiller concertina (klynketrekkspill) og gitar og synger med en malmfull stemme. Vi spiller raske riler, duvende valser. Vi synger om hvalfangst og vågemot.

Basaren som Frivilligsentralen arrangerer, og som er med på å finansiere desse flotte musikkopplevingane, er i år sett til 15. februar. Per Verner Aase fortel at det er mange flotte premiar. Berre sjå på det flotte premiebordet!

Vips eit valgfritt beløp til 608714, send ein SMS til 99565928 med namn og kor mykje du har vipsa. 10 kr. pr lodd.
-Så fører eg deg inn i loddboka, tek bilete av sida med lodda dine og sender bilete i retur til deg, seier Aase.

Heile inntekta går til underhaldning/konsertar for bebuarane på Tysnes Omsorgssenter

-Støtt opp om eit musikalsk tilbod til seniorane våre! “Demenskoret” i NRK viser kor viktig musikk er for eldre, avsluttar Aase som håpar mange nyttar høvet til å kjøpa lodd.

 

Foto: Per Verner Aase, Tysnes Frivilligsentral