Publisert av: May Britt Meland
3/8/2022 18:32
Barnas Turlag til Ådnastegen
Søndag 7. august blir det tur med Barnas Turlag. Turen går frå Skaret om Vasstølen og Idlekleiven til Ådnastegen!
Turlaget fortel at turen er middels vanskelig og passar for foresatte med barn frå fyrste klasse og oppover, altså rundt 6-12 år. Det vert med to turleiarar, og ein vil tar seg god tid begge vegar. På Ådnastegen blir ein møtt av hyggeleg vertskap og har tid til leik, pølsegrilling og fisking før vi går ned til Skaret igjen. Kaffi til dei voksne, ta med kopp.
Ta med: niste, drikke, klær etter vær, ei ekstra jakke/genser til å ta på i pausen.
Oppmøte: 10.30 p-plassen ved Skaret.
Foresatte har ansvar for eigne barn.
Send gjerne melding til Sabine Koch (48341105) ved spørsmål eller for påmelding, eller bli med spontant.