Bånn gass på Tysnes Bilsenter!

Publisert av:
5/9/2015 11:44

I samarbeid med Johnny Virker var det konkurranse med fjernstyrte bilar på Tysnes Bilsenter. Det var lagt opp til to ulike klassar: 0 – 6 år og 7 – 12 år.

Inne i verkstadlokala til Bilsenteret hadde dei laga til ein rc-bane. Dei yngste skulle køyre 3 rundar på den oppmerka løypa og dei eldste 5 rundar. Nokon av sjåførane hadde full kontroll på bilane, medan det for andre var vanskeleg å halda seg innanfor den oppmerka løypa. Gøy var det hvertfall for alle! 

Alle fekk diplom,  brus og vafflar. Dei tre raskaste i kvar klasse fekk medalje, og kvar sin fjernstyrte bil i premie!

Vetle Belt og Lasse Bakkane vann i sine klassar. Dermed er dei med i den landsomfattande trekninga der hovudpremien er billettar til Tusenfryd.