Årsmøte og skogdag

Publisert av:
19/3/2013 13:09

Det var litt mindre frammøte enn me hadde håpa på men mykje nyttig informasjon, gode pølser og fint vær!

Skogdagen hadde hogstfelt og planting som tema og Rolf Erling Utne frå Vestskog fortalte om kva tid det var gunstig å plante og kva typar proveniensar og sortar det var lurt å plante.
Johan Bergerud frå Bjørnefjorden landbrukskontor held også eit innlegg der han fortalte om dei forskjellige støtteordningane som er for planting.
Etterpå bar det ut i felt for å sjå på eit hogstfelt som var hogd for 2 år sidan og eit hogstfelt som var hogd for 17 år sidan der det var naturleg foryngelse, ei lita innføring i ungskogpleie vart det også tid til.