Årets skiløp

Publisert av:
19/4/2015 08:50

I rennet deltek både dei som fyrst og framst vil ha ei flott tur og oppleving, saman med kjente internasjonale skiløparar som gjer alt for å vinna.

Vinnar i dameklassen vart Terese Johaug. I Herreklassen vart det sveitsiske Toni Livers som vann med knappast mogleg margin framføre Martin Johnsrud Sundby.

Hovudløypa er 38 km lang og går frå Finse til Ustaoset. Anders H. Magnussen kom inn på tida 2.13.11.

I motsetning til ein del andre store løp, er skarverennet framleis like populært. Etter berre 19 sekund var samtlege 12 200 startplassar reservert til årets løp. For mange er løpet ei avslutning på skisesongen.