Årets siste heimakamp
8/10/2015 21:09
Siste nytt:
A-laget spelte søndag bortekamp mot serieleiar Bjarg. Der tok dei med seg heim eit meget sterkt bortepoeng, utsatte og kanskje ødela et direkte opprykk for Bjarg som til no har våre suverene i gruppa.
Seniorane. Eller, ungdommane til Njardar om du vil, har hatt ein god sesong alt i alt og ein veldig bra haustsesong der ein kun står med eit tap. Dette tapet kom i fyrste haustkamp borte mot NoreNeset sitt 2.lag. (0-2) Her stilte NoreNeset med 5-6 spelarar frå 1.laget sitt som er suveren puljevinnar i 6. div og dermed rykkt opp.
NoreNeset satsar alt på opprykk med begge laga sine, og sendte “takk for hjelpa” til oss i dag etter at me tok poeng frå Bjarg. Dermed ser det ut til at det blir NoreNeset 2 og Bjarg 3 eller Vadmyra 2 som rykker opp frå Njardar si gruppa denne sesongen.
At Njardar kun har tapt ein heimakamp gjennom heile sesongen er sterkt, og hadde det ikkje våre for to meget unødvendige poengdelingar på bortebane, mot “svak” motstand hadde dei for alvor våre med i opprykkskampen. Dei kan alikavel, med to gode resultat i dei siste kampane, kapra 3.plassen i gruppa. (plassen bak opprykk)
A-laget har for fyrste gong på mangen år våre veldig jevnt besatt med folk. Ein har ikkje slete med å stilla nok mannskap til trening og kampar, noko som er veldig lovande.
Stemningen i laget er svært god, med to “vinnarskallar” som trenarar som hatar å tapa, men som gruppa kjenner godt, har respekt for, og likar å jobba i lag med. Gjengen er blitt meir og meir samansveisa, noko haustsesongen gjenspeglar.
Her er absolutt mykje å bygga vidare på!
Små justeringar og ein fast keeper til neste år og laget kan kjempa om opprykk. Utan tvil. (i år har man spelt fleire kampar med ein utespelar i mål, grunna keepermangel)
På laurdag kjem Bjørgvin på besøk og her har guttaboys planar om 3 nye poeng.
Hvis ein kun går utifrå heimakampar så ligg Tysnesingane på 2.plass. Så det er ingen grunn til å ikkje ta seg ein tur til Reiso på laurdag! Det hadde våre kjekt med skikkelig, massiv støtte frå Tysnes-publikumet ! Klarar me mobilisera massevis med folk til årets siste heimakamp ? Håndballen har virkelig god støtte, med fullsatt Tysneshall. Ska me prøva å få til noko lignande på Reiso, laurdag ettermiddag? Gje gass! Kiosken er åpen, så det blir kaffi å varma seg på, om veret ikkje er med oss !
Spre ryktet og ta med deg dei du kjenner for å heia fram gutta til ny seier!