Årets kyrkjekonsert: “A Concert in July – Songs of Faith and Love”
10/5/2022 12:09
Konserten «A Concert in December – songs of Faith, Love and Christmas» har trekt fulle hus på Stord og i Bergen i årevis. Dei to siste åra har pandemien sett ein stoppar for tradisjonen, men under Tysnesfest 2022, søndag 10. juli, inviterer vokalist og primus motor Haakon Steinar Vatle igjen til stemningsfull kyrkjekonsert.
I ei uroleg tid lovar gode musikarvenner å gjera sitt beste for å gje festivalpublikummet ei musikalsk oppleving med songar til både omtanke, glede og trøyst.
Besetninga er: Haakon Steinar Vatle på vokal og gitar, Roald Kaldestad på gitar/mandolin/banjo/lapsteel og vokal, Bjørn Bunes på tangentar og vokal, Kjetil Dalland på bass og vokal, og Tarald Tvedten på trommer.
Gjengen tolkar sine absolutte favorittsongar av artistar som Nick Cave, Johnny Cash, Tom Waits, The Cure, Elvis Presley, Sigur Ros, Bob Dylan Midnight Choir og Radiohead.
Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest:
Gjerstad Arena:
Torsdag: Plumbo, Hagle, Halva Priset, Soppgirobygget, Helene Olafsen, Staysman
Fredag: Bjørn Eidsvåg, Chris Holsten, SKAAR, CC Cowboys, OnklP og De Fjerne Slektningene, BROILER
Laurdag: Erlend Ropstad, Ronan Keating, Synne Vo, Return, Stage Dolls, Kjartan Lauritzen, TIX
Andre arenaar:
Bermudateltet torsdag og fredag: Vinskvetten
Blåbærhaugen onsdag: Monica Hoff Utne
Kulturkyrkja på Onarheim søndag: A Concert in July