APRIL!

Publisert av:
24/1/2015 14:10

Dalland Gard skal sjølvsagt ikkje opne ZOO!

Vel er dei innovative, men ein plass må nok grensa gå seier Anders Dalland.
Dei kan likevel røpe at dei har arbeidd i halvanna år med eit prosjekt som i løpet av året skal byrje å ta form. –Me har eit håp om at noko kan opna i samband med sumarferien i år, men vil ikkje røpa noko enno, seier dei.

På Dalland Gard har dei sau og geit i tillegg til at det aktive paret dyrkar poteter og produserer ved. –Me får også på plass storfe no i vår, og vil auka produksjonen av poteter, samt introdusera andre typar grønnsaker.
Paret lovar nye sprell i åra som kjem, men elfantar står nok langt bak i rekka av idear, avsluttar dei.

 

Les meir og følg det aktive livet på garden på facebook!