Publisert av: May Britt Meland
7/5/2024 11:23
Amazing Norway-Svartavassfjellet-Tuefjellet
Det bles på toppane. Vinden var for kraftig for postkassa på Svartavassfjellet, så den vart bytt ut med ein turbok-kasse.
I turboka stod det:
AMAZING NORWAY, skriven av ei fransk kvinne.
Det same sa 6 tyske ungdommar som overnatta i telt og hengekøyar ved Tverrelva.
Frå Gjerstadstølen kan ein no gå i nymerka rundløyper til turbok-kassar på Svartavassfjellet eller Tuefjellet.
God tur!
-Er du heldig høyrer du gauken. Hugs 3 ynskjer!
Tekst og foto: Tore Økland