Alsaker konsern i 2014
3/6/2015 11:27
Alsaker konsernet la i dag fram fylgjande pressemelding:
ALSAKER KONSERN I 2014
Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit driftsresultat på kr 215 millionar i 2014. Med ein omsetnad på kr 1.096 millionar gir dette ein driftsmargin på 19,6 %.
Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2014 5 smoltanlegg, 22 matfiskkonsesjonar og eit slakteri.
Produksjonen i konsernet skjer i 13 kommunar: Bømlo, Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.
I 2014 produserte konsernet ca 32.000 tonn laks, mot i overkant av 34.000 tonn året før.
Produksjonsmessig har 2014 vore eit heller svakt år for konsernet. Både produksjons- og slaktekvantum gjekk ned samanlikna med året før. Dette kan delvis forklarast med mykje tilveksttap i samband med avlusing. I tillegg var det ein varm sommar med høge sjøtemperaturar som også førte til redusert tilvekst.
Konsernet har arbeidd hardt og målretta over fleire år for å betra helsesituasjonen i matfiskanlegga. Dette har gitt gode resultat. Sjølv om ein i 2014 hadde fleire utbrot av fiskesjukdomen pancreas disease (PD), var dødlegheiten i samband med utbrota relativt låg.
Ved utgongen av 2014 var det ca 210 fast tilsette i konsernet, og konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen.
Den internasjonale marknaden for laks har vore prega av ein veldig sterk etterspurnad også i 2014. Det globale tilbodet av atlantisk laks auka med ca 8 % medan gjennomsnittsprisen på laks auka med 3 % samanlikna med året før.
Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på kr 821 millionar – noko som gir ein eigenkapitalandel på 53 %.