Aktivitetsleir 2016
18/8/2016 06:31
Måndag var me i Tysneshallen kor ungane fekk læra førstehjelp av Ann Helen Hordnes frå Tysnes Røde Kors. I tillegg hadde dei dramaundervisning, klatring og leik.
Tysdagen fekk me ein våt dag på golfbanen med Ole-Kristian Dalen. Borna fekk varma seg på ferske bollar på Haaheim Gaard, samt at me fekk tørka litt opp i gymsalen på Uggdal skule.
Onsdagen vart ein fin dag på gardsbesøk på Tysnes hos Ingrid Tysnes Stue. Her fekk ungane fiska, ri på hest, mata geitene og klatra i trehytta.
Torsdag fekk me ein nydeleg sommardag på Solstråleøya. Her gjekk dagen med til bading og grilling, timane gjekk så alt for fort!
Fredag avslutta me med kanopadling i Onarheimsvatnet og tur til Blåbærhaugen. Også denne dagen var det surt ver, så dei minste fekk nokre timar med leik i gymsalen på Onarheim skule.
Tusen takk til dei kjekke borna, foreldra, og alle andre som har bidrege for at veka gjekk så fint!
Held av siste heile veke før skulestart i 2017, då satsar me på 3. år med Aktivitetsleir!



